Hei, gode du!

Eg er Kristin, og prøver å skriva ekte og varmt om det å vera menneske. Frå huset mitt ved fjordkanten lagar og sender eg diktbøker og ting med ord til sorg, glede, håp og kvile. Kanskje finn du boka du treng? Bøkene mine får du berre her💛

Eg skriv til deg

Bak @berrekristin sit altså berre eg, Kristin Straume, i ei lita vestlandsbygd. Eg skriv nære dikt som minner deg og meg på at me ikkje er åleine. Dikt du forstår.

Dagleg får eg melding av menneske om at orda mine er gode å ha med seg i kvardagen. Det betyr mykje, og er drivkrafta til at eg lagar bøker, produkt og kurs med kvardagspoesi!

Meir om meg →

Om kvelden lagar eg meg te og pakkar bestillinga di med kjærleik. Morgonen etter køyrer eg gjennom tunnellane til Dale, og sender orda med posten rett heim til deg!

Under ser du fleire diktgåver sortert etter kategori. Du finn alt i butikken sortert på ulike måtar i menyen øvst.

Kjære deg som saknar noko

Eller som har dårleg samvit for alt du ikkje orkar å gjera, eller alt du ikkje klarar å vera. 

Eg har laga eit digitalt kurs som heiter BERREVERE - DEN DU ER, for deg kjenner orda mine treff litt ekstra. Du som treng meir ro i kvardagen, og vil finna heim att til deg sjølv.

«Det skjedde noe vennlig, varsomt, godt med meg», skriv ei som prøvde testkurset.

Les meir om kurset her ♡