Praktisk info

Eg driv nettbutikken åleine, med kontor og lager i huset mitt på Straume . Bestillingane dine pakkar eg sjølv, med omtanke og kjærleik. Eg legg alltid ved ei lita gåve, som eit lite diktkort eller nokre klistremerke med dikt, berre fordi eg har lyst. Om du vil at eg skriv ei lita helsing i bøkene, skriv du det som kommentar i handlekorga.

 Frakt

Eg sender pakkene med Bring, slik at varene kjem trygt heim til deg med posten. Vanleg leveringstid er innan ei veke etter bestilling. 

  • Fri frakt på bestillingar over 700 kr
  • Pakke i postkasse, på døra eller til hentepunkt, avhengig av storleik

Betaling

Du betalar enkelt og trygt med...

  • Vipps
  • eller kort

Retur og angrerett

Om du angrar på kjøpet, er det sjølvsagt heilt i orden!

  • 14 dagars angrerett
  • Gratis retur

Ta berre kontakt med meg, så finn me ei enkel løysing saman!

Spørsmål?

Lurar du på noko, eller treng hjelp før eller etter kjøp, er det berre å ta kontakt, til dømes på post@berrekristin, eller via dette skjemaet. Eg svarar så snart eg kan 🤍

 

PS: Under ser du bilete av skrivestova/lageret mitt, der bøkene bur før dei får reisa heim til deg.