Hopp til produktinformasjon
1 av 7

Berrekristin

DIKTBOK | NO ER EG DEN EG ER - FØREHANDSSAL TIL CA 20.SEPTEMBER

DIKTBOK | NO ER EG DEN EG ER - FØREHANDSSAL TIL CA 20.SEPTEMBER

Vanleg pris 349,00 kr
Vanleg pris Salspris 349,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal
  • Betal trygt med Vipps eller kort
  • 14 dagars angrerett -gratis retur
  • Sendt med Bring innan 2 vekedagar

No er eg den eg er handlar om alt det som ber på som me kanskje ikkje er så stolte av. Om skam og samanlikning, kropp og tankar, forventningar, grenser og den evige kjensla av at me burde vore litt annleis enn me er. 

Eg har skrive om det eg sjølv kjenner på - den sjølvkritiske stemma inni meg, alt eg meiner eg burde få til, og kor vanskeleg det kan vera å møta seg sjølv med den same varmen som ein møter andre med. 

Men dette er likevel ikkje ei tung bok om alt som er gale med oss. Tvert imot. Dikta rommar både alvor, håp, humor og kvardagslege augeblikk. Og kanskje ei lita påminning om at me ikkje treng venta til me har fiksa alt før me får lov til å leva. 

Ei av testlesarane mine skriv at dette vert favorittboka hennar, og ei anna skriv "Eg føler at eg vert klokare av tekstane dine."  Håpar dei har rett <3

Den grøne boka er til deg som er litt for streng med deg sjølv. Ho er også fin som ei gåvebok til nokon du er glad i! Alle dikta er skrivne for hand av meg, så kvar side er både uperfekt og levande.  

OBS: DETTE ER FØREHANDSSAL, ALLE BESTILLINGAR SOM INNEHELD DENNE BOKA VERT SENDT UT NÅR BOKA KJEM, RUNDT 20.SEPTEMBER.

Forfattar: Kristin Straume

Forlaget mitt: berrekristin

Årstal: 2026

Format: 15*15 cm

Trykkeri: Mediehuset Andvord

ISBN: 978-82-691818-6-9

Sjå alle detaljar