Om meg

Eg er Kristin Straume og bur på Straume i Vaksdal kommune, der eg òg vaks opp. Eg har alltid vore glad i å skriva, og på den måten uttrykkja kjensler, tankar og erfaringar i ord. For meg er det vanskeleg å tenkja seg eit liv utan å kunna skriva ut det som trengs. Etter kvart har eg òg delt det eg har skrive, sidan 2017 på instagram som @berrekristin. Det er motiverande for skrivinga når så mange seier at orda mine kan vera til trøyst eller nytte, og det kjennest meiningsfylt å dela då.
I 2019 gav eg ut mi fyrste bok på eige forlag (berrekristin) med utgangspunkt i tekstar delt på instagram. 800 eksemplar blei utseld på ein månad, og eg var overvelda! Det har etter kvart blitt fem bøker gjeve ut på eige forlag, og dei siste åra har eg jobba med å òg kunna tilby andre produkt med dikt på, sidan fleire spør etter slikt. Det har resultert i handlenett og kort, turkopp og plakatar. Meir om prosessen rundt bøkene står på ei eiga side, for spesielt interesserte!
PR er vel noko av det eg har vore dårlegast på. Å reklamera for meg sjølv og det eg gjer, kjennest veldig vanskeleg og skrytete, det kan vel vera bygdedyret i meg sjølv som stoppar meg, anten eg likar det eller ikkje. Men eg øver meg på å promotera eigne greier innimellom, fordi det verkar som folk treng orda mine, og får noko ut av dei som dei kan bruka inn i sitt liv.Dei siste åra har eg òg vore med på arrangement der eg har prata litt og lese dikt, og innimellom sunge nokre songar som eg har laga eigne tekstar til. Det er alltid litt skummelt, eg blir blant anna redd for at folk kjem for å høyra på som har fulgt meg lenge på instagram, og blir skuffa når eg berre er meg. Ei heilt vanleg dame som likar å formulera ting i ord. Men kanskje det er det som gjer at folk tar til seg orda og kjenner dei gjer godt? Eg håpar det!