Tidlegare hendingar
Her viser eg noko av det eg har vore med på tidlegare. Det nyaste ligg øvst!
Laurdag 7. februar klokka 13:
Diktlesing m.m. på Voksenåsen hotell i Oslo
I Salongen i vakre Voksenåsen på Oslo sitt tak las eg dikt, song og prata om dikta mine. Fyrste gong eg gjorde noko slikt så langt heimefrå, men det gjekk veldig fint, og eg følte meg heime der! Det dukka til og med opp ei dame som viste meg at ho hadde tatovert eine diktet mitt på armen sin! Foto: Silje Jørgensen
8. desember:
Stand på Bergen julemarked

Eg selde bøker og ulike greier på Bergen julemarked for 2.gong. Veldig kjekt å treffa gamle og nye lesarar!
Måndag 1. desember:
Privat stovekonsert
Hadde stovekonsert hjå ei god venninne, for hennar venninner. Veldig koseleg!
Laurdag 22. november klokka 12-16:
Diktvandring og stand på Tun til Tun i Eksingedalen

Langt oppe i vakre Eksingedalen var det ei spennande julemesse der ein fann standar i fleire tun. Der hengte eg opp nokre dikt som vart til ei diktvandring, og klokka 13 hadde eg ei fysisk diktvandring der me gjekk frå dikt til dikt og eg snakka litt om dikta med meir. Eg selde bøker og gåver på låven, perfekt plass for meg!
Måndag 17. november:
Privat stovekonsert
Eit lukka arrangement for ei kjekk dame eg kjenner, og venninnene hennar.
Laurdag 15. november:
Stand på Husflidmessa på Dale (i Vaksdal)
Kjekt å ta med bøker med meir og selja på den lokale husflidmessa!
Fredag 7. november kl. 18-20:
Diktkveld på Aarvik gård
Det blei ein fin kveld på vakre Aarvik gard, der eg las dikt frå nyaste boka mi, "Når alt rundt oss syng", og prata om arbeidet med denne. Og så song eg litt. Etterpå var det mogleg å kjøpa god mat frå Ranita Aarvik, og handla frå meg. Utruleg kjekt og smått surrealistisk at folk hadde reist langt berre for å høyra meg! Eg tok ingen bilete sjølv, men legg ved Ranita sin story frå kvelden <3

(Foto: Ranita Aarvik, frå Diktkveld på Aarvik gard)