Saknar du å BERRE VERE?

Kjære deg med pusten langt oppe i halsen, og skuldrene oppe ved øyrene

Du som stiller mykje høgare krav til deg sjølv enn til alle rundt deg. Du som har mista kontakten med di eiga stemme, i forsøket på å dekka alle andre sine behov.  Du som eigentleg ikkje forstår kvifor du ikkje klarar å senka skuldrene, kvifor du er så sliten, du har jo prøvd alt mogleg. Du som har konstant dårleg samvit, fordi du ser alt du ikkje orkar.

Sjå for deg at du vaknar ein morgon, lyttar til noko mjukt, skriv nokre ord i ei skrivebok og kjenner deg klar for å møta dagen. Om menneska rundt deg er i dårleg humør, rommar du det, utan at det øydelegg ditt humør. Du står stødig i andre sine stormar, og når det stormar inni deg, veit du kva som hjelper deg tilbake til ro. Og så gjer du det du treng. Om kvelden kviler du trygt. Du veit du har vore deg sjølv i dag. At denne dagen blei slik den skulle vera, sjølv om den ikkje blei akkurat slik du trudde. Du er heime.

Eg veit det er vanskeleg å tru at du kan få det slik, at du har lov til å ha det så bra. Men du fortener å ha det betre enn du har det akkurat no. Noko inne i deg veit akkurat det. Kanskje det er difor du er her. Kanskje det er difor du les dette.

Eg var der eg òg

Eg pusta så overflatisk og anstrengt at eg måtte til logoped og læra å pusta igjen. Eg grein konstant dei fyrste tre timane hjå psykologen, då han fortalte meg at eg ikkje var lat. Løysinga var ikkje noko ”kvikk fiks”. Fyrst trengte eg tid på å forstå at eg hadde lov til å ha det bra. Så måtte eg finna ut kva eg trengte for å faktisk ha det bra. Og så måtte eg ta dei vala som gjorde at eg fekk det eg trengte. Men det funka!

Gjennom øvingar, samtalar, undervisning og erfaring har eg lært mykje. Det viktigaste eg har lært har eg lyst å dela med deg. Eg gjer det jo stadig vekk med ord. Men no har eg òg laga BERREVERE-kursa, for å hjelpa deg meir i praksis. Du får videoar, lydfilar og øvingar, og har skriftleg kontakt med meg undervegs, om du vil.  

Eg kan ikkje lova at kursa løyser alt. Men eg har sett og kjend kva som skjer når ein endeleg får øva seg på å lytta til seg sjølve. Kor befriande det er å pusta djupare. Kor godt det kjennest å ta ein rusletur eller ein kvil, med godt samvit.

Er det skummelt å bruka pengar på noko som berre er for deg, og som du ikkje heilt veit kva er?

Det forstår eg, du er nok vant til å bruka mest pengar på dei du er glad i. Men du fortener òg å ha det bra! Du kan testa minikurset mitt her, for å finna ut litt meir kva det går i. PS: Gjennomfører du kurset, og kjenner at det ikkje har gjeve deg noko av verdi, får du pengane tilbake. Eg ynskjer at du skal kjenna deg trygg når du seier ja.  

Er du redd for at du ikkje klarar å koma gjennom dette, fordi du har byrja på andre ting før, som du har hoppa av?  Eg heiar heile vegen, og lagar alt så enkelt og gjennomførbart som mogleg. Berre fem minutt dagleg er nok! Øvingane er så konkrete og nyttige at du kan ta dei med deg vidare, og bruka dei når det trengs.

Fryktar du at det funkar, men så glir du tilbake i gamle vanar og tankebanar når du er ferdig med dei seks vekene? Eg har planar om minst eit seks vekers oppfylgingskurs, og eit vidare løp du kan abonnera på, med nytt tema og nye øvingar kvar månad.

Har du lyst, men tenkjer at du skal gjera det seinare? Det går fint, kurset kjem til å vera tilgjengeleg seinare òg. Men om kurset gjer at du får det betre, har du verkeleg lyst til å utsetja å få det betre? Eg unnar deg å ha det bra, akkurat no! 

Damene som prøvde testkurset, skreiv blant anna dette:

«Nå er jo uka med Berrevere ferdig og du har gjort ei veldig vanskelig uke litt lettere. (…) Jeg bare syns at stemmen din er trygg og jeg er mye utrygg.»

«Her er det kurset har gjort for meg personlig, som eg vil du skal ta til deg. Eg har fått større ro. Eg har fått noen nye ord som bor inni meg: trøst, mjuk, øm. Det føles hakket vennligere her inne. (…) Det skjedde noe vennlig, varsomt, godt med meg den veka.»

«Eg likar kor ekte og heil ved du er i videoen. Det skapar ein tryggleik i kurset og sjå deg og kor avslappa du virker for oss som ser og høyrer på. Ved å vere «berre deg», kjenner eg på at det gjer godt å gi slepp og «berre vere meg», iallfall øve på det!»

 

Desse kursa er tilgjengelege per no, fleire er på veg: 

BERREVERE - BITTELITT 

Eit minikurs, gjort på ein halvtime, som viser deg kva berrevere er. 

BERREVERE - DEN DU ER

Eit seksvekers kurs der du får ein ny modul med nytt tema kvar veke. 

 

Lurar du på kva bakgrunnskunnskap eg har? 

I tillegg til eigne livserfaringar, og kunnskap frå andre kurs og ørten bøker, er eg utdanna pedagog og gestaltveiledar. Men aller mest trur eg at erfaringa med å setja ord på det eg kjenner på, dela det og få kontakt med andre som kjenner på det same, har lært meg utruleg mykje. Om kor mange som strevar med å akseptera seg sjølv, kor mange som har (paradoksalt nok) slått seg til ro med eit liv fylt av uro, kor mange som går med dårleg samvit endå dei strekkjer seg så langt dei kan for alle andre. Eg håpar at BERREVERE kan få folk til å vera rausare med seg sjølv. Det er på tide! (Under ser du meg som øver meg på å vera meg med kamera til stades)

Berrevere handlar ikkje om å bli ei anna

Det er øvingsrom for å koma heim att til den du er. Det er ikkje terapi, sjølv om det kan funka terapeutisk. Det er meint å vera for alle som kjenner at orda treff, men treng ein meir hjelp, tilrår eg både terapeutar og evt. medisin. Det òg har vore nyttig for meg, og hjelpt meg hit eg er i dag. Ikkje ferdig, men stadig på veg!  

Klem frå Kristin💛