Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Berrekristin

KURS | BERREVERE BITTELITT

KURS | BERREVERE BITTELITT

Vanleg pris 49,00 kr
Vanleg pris Salspris 49,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal
  • Betal trygt med Vipps eller kort
  • 14 dagars angrerett -gratis retur
  • Sendt med Bring innan 2 vekedagar

Er det vanskeleg å finna roen i kvardagen? Kjenner du at du ofte er på veg vidare til neste ting, før du har fått gjort ferdig den forrige? Strekkjer du deg langt for andre, men gløymer deg sjølv? Då er dette minikurs et for deg. Ein liten pustepause i kvardagen. Berre vere bittelitt meir til stades. Berre landa bittelitt. Landa i deg sjølv, Landa der du er. 

Du får ein video der eg pratar om å berre vere. Du får ei øving med lydfilar meint å bruka til å landa og senka skuldrene når ein er stressa i løpet av dagen, eller når ein treng det. Du får skriva logg der du øver deg på å leggja merke til kva som skjer inni deg. Målet er ikkje at du skal bli ein ny person, målet er at du skal få litt betre kontakt med den du faktisk er.

Heile kurset skal vera mogleg å gjennomføra på under ein halvtime. Og du kan ta det så mange gongar du vil. Kurset er også ein smakebit på kva du får om du kjøper det seksvekers kurset "Berrevere meg". Innhaldet byggjer på eigne erfaringar, utdanning i gestaltveiledning, terapi, bøker og kurs som har hjelpt meg gjennom periodar med stress, uro og utmatting.

PS: Du får kurset gratis om du melder deg på e-postlista mi nederst på sida 💛

Sjå alle detaljar