Om nettbutikken
Eg begynte å selja fyrste boka mi i 2019, og sidan har eg vore innom ulike løysingar, før eg landa på denne nettbutikken på Shopify-plattform som eg lanserte hausten 2024. Eg fekk god hjelp av den dyktige venninna mi Ingvild i starten. Ho bygde nettbutikken for meg, og hjalp meg å ta små og store val undervegs. Det hjalp veldig! Eg hadde nok litt lite tru på eigne ferdigheiter, og synest det med å selja og tena pengar på eigne greier eigentleg er litt skummelt. Med Ingvild i ryggen vart eg etter kvart veldig fornøgd med nettbutikken, og kjende at det var mindre skummelt å driva vidare.
Nettbutikken oppdaterer eg med jamne mellomrom, både med nye bilete og tekstar, nye produkt og andre finessar eg kjem på undervegs. Til dømes har eg i det siste senka terskelen for fri frakt frå 1000 til 700, berre fordi eg likar fri frakt sjølv! Om du vil bli oppdatert på det siste i nettbutikken, kan du melda deg på nyheitsbrevet mitt nederst her på nettbutikken.
Fargane her er nokre av yndlingsfargane mine (gul, grøn og lilla), og bileta har eg stort sett tatt sjølv i heimområdet mitt, eller på stadar som betyr noko for meg. Menneska på bileta er familie, blant anna snille søster Sigrid og gode svigerinne Trine som er lette å be når eg treng å visa bøker og produkt saman med menneske. Her er Sigrid i aksjon med treklatring på kanten av eit stup, medan stressa storesyster tek bilete. Det passa i alle fall med bodskapen på handlenettet!

Produktlageret mitt har eg i kjellaren heime på Straume der eg bur, og der pakkar eg òg bestillingane som kjem inn. Det er eg som pakkar, og eg gjer det stort sett på kveldstid søndagar, tysdagar og torsdagar, medan eg drikk te og høyrer på Odd Nordstoga eller ein god podcast. Det gjer at det ikkje tar altfor lang tid før du har bestillinga di i hende.
Og så håpar eg at når eg kosar meg med å pakka, er det kanskje ekstra koseleg å pakka opp òg, for den som får bestillinga si i posten. Sidan eg eigentleg ikkje likar å ta pengar for noko av det eg gjer, passar eg i alle fall på å leggja med ei lita gratis gåve. Dikt-klistremerker, ein liten diktmagnet eller eit bokmerke med dikt på til dømes. Då føler eg at kundane får meir igjen for pengane, det er i alle fall sånt eg likar sjølv!