Berrekristin
SAMLEPAKKE | KVIT, SVART, GRÅ, LILLA OG GUL BOK
SAMLEPAKKE | KVIT, SVART, GRÅ, LILLA OG GUL BOK
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjengelegheit
- Betal trygt med Vipps eller kort
- 14 dagars angrerett -gratis retur
- Sendt med Bring innan 2 vekedagar
Fem bøker. Fem valørar og fargar. Eit heilt lite bibliotek av kjensler og håp.
Her får du ord for alle dagane. Dei vanskelege og dei fine. Og nokre ord for heilt vanlege dagar, når me berre har lyst til å kjenna oss litt mindre åleine.
Alle dei fem fyrste diktbøkene mine er her samla i ei pakke. Bøkene rommar dikt om livet slik det er. Om håp og sorg, glede og kjærleik, om det me ber på, og om alt som gjer oss til menneske.
Du kan lesa i dei sjølv, gje dei bort, eller ha dei ståande i bokhylla til den dagen du treng akkurat dei rette orda.
Bøkene som er inkludert:
Det er mykje meir på innsida (2019)
Det kan faktisk gå bra (2020)
I tilfelle du treng det (2021)
Lat meg halda sorga di (2024)
Når alt rundt oss syng (2025)
Tips nokon om at du ynskjer deg dette ♡
