Komande hendingar

(Bilete teke av Silje Jørgensen, frå diktstund på Voksenåsen hotell i Oslo)

 

2. november kl. 18: 

Diktstove på Skånevik Fjordhotell

Eg tar med meg bøkene og gitaren min, og snakkar om og les frå bøkene mine. Dette trur eg vert ein kjekk kveld, som er arrangert i samarbeid med fleire lag/organisasjonar i Skånevik. Sjå her for billett og meir info.

 

Laurdag 7. november kl. 10.30-16: 

Stand på Husflidmessa på Dale (i Vaksdal)

Eg tek med nye bøker, gamle bøker og alle greiene mine, fyller bilen og køyrer eit kvarter til Turbinen på Dale, der det er Husflidmesse! Pleier vera fleire fine utstillarar, og kjekt å treffa bygdefolk! Synest du ikkje det liknar på meg som sit der, er det kanskje systera mi Sigrid, som skal avlasta meg litt ;) 

 

Tysdag 17. november kl. 20: 

Digital diktstove med gratis minibasar

Eg har lyst til å ha ei digital diktstove og feira både grøneboka og rosaboka som er nye i haust! Og så vil eg prøva å ha ein liten basar og lodda ut gratis gåver frå butikken min, og sjølvsagt ei fruktkorg med noko attåt! For basar er gøy! Litt usikker på korleis eg skal få til basaren reint praktisk, men er overebevist om at eg finn på ein måte innan dagen er der ;)  Meld deg på søndagsbrevet mitt nederst på sida, for å vera sikker på at du får invitasjon! 

 

Laurdag 21. og søndag 22. november: 

Stand på Julemarkedet i Lærdal

I sommar var eg på Lærdalsmarknaden, og det gav meirsmak! Så no kjem eg tilbake til julemarknaden der! Ser veldig koseleg ut, meir info her.

 

Søndag 29. og måndag 30. november: 

Stand på Bergen Julemarked

Eg kjem til Bergen Julemarked for tredje år på rad, gler meg allereie! 

 

Laurdag 5. og søndag 6. desember kl. 12-16: 

Stand på Julemarkedet til Lystgården i Bergen

Her prøver eg meg for fyrste gong, trur det blir veldig fint! Meir info her. 

 

Frå diktkveld i Kinsarvik bibliotek 20. oktober 2025.