Skal eg koma til deg?
Eg kjem gjerne rundtom og har diktkveld fleire stadar. Gjerne små stadar som kan kjennast som heime. Ei romsleg stove, eit lunt bibliotek, ein koseleg kafè. Eller ein vakker stad ute der eg kan henga opp dikt og ha diktvandring. Dette har eg prøvd før og har god erfaring med. Får eg lov til å ta med bøker m.m. og selja, er eg veldig billeg, om det er lov til å seie. Det er mest kjekt å treffa lesarane mine, og sjå at dei faktisk finst og er ekte menneske!

(Foto frå Diktkveld på Kinsarvik bibliotek, teke av bibliotekar Erika)
Om de ikkje har spesielle ynskje, snakkar eg litt om bøkene, les litt frå fleire av dei medan eg spontant reflekterer litt rundt nokre av dikta, og syng nokre songar som passar til. Det pleier ta sånn 40-45 minutt med mindre de ynskjer meir eller mindre. Eg kan òg ha til dømes sorg som tema, og lesa frå og snakka om den lilla sorgboka. Eller eg kan ha skrivekurs.
Kontakt meg gjerne om du har spørsmål, på post@berrekristin.no. Ingen forespørslar er dumme, men eg kan ikkje lova at eg har tid så kjapt, då eg periodevis er ganske travel. Lurt å vera tidleg ute om du har ein spesiell dato i tankane.
Ranita Aarvik frå Aarvik Gard skreiv dette om diktkvelden eg hadde hjå dei 7.november 2025:
"Nyleg vart det arrangert ei stemningsfull diktkveld med @berrekristin – ei oppleving som gjorde sterkt inntrykk på publikum. Kristin har gitt ut fleire diktbøker som rører ved dei sanne og vakre kjenslene i oss. Ho set ord på det mange kjenner på, men som me ofte ikkje finn uttrykk for sjølve. Gjennom dikta sine tek ho publikum med gjennom livets mange fasar – glede og sorg, kvardagsgleder, årstider og alt som rører seg i menneskesinnet.
Å høyre henne lese sine eigne dikt skapte ei heilt spesiell stemning i rommet: varmt, nært og inderleg. Mange delte etterpå kor godt det gjorde å lytte, og kor treffande orda var for eige liv. Under arrangementet vart både diktbøker og handlaga, miljøvenlege småprodukt med eigne tekstar presenterte – populære gåver og minner frå kvelden.
Servering av minipizza, søtbakst, kaffi/te og alkoholfri drikke bidrog til ei avslappa og hyggeleg ramme på Aarvik Gard.
Arrangementet vart fullteikna, og tilbakemeldingane frå deltakarane var gjennomgåande positive. Ei diktkveld med Kristin er ei varmt anbefalt kulturoppleving for arrangørar som ønskjer noko ekte, nært og meiningsfullt."