Berrekristin
DIKTKORTPAKKE 24 SMÅKORT | ADVENTSKALENDER TIL HÅP
DIKTKORTPAKKE 24 SMÅKORT | ADVENTSKALENDER TIL HÅP
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjengelegheit
Her får du 24 små diktkort i visittkortstorleik, med dikt av berrekristin, Kristin Straume. Dikta er ei blanding av dikt frå alle fem fyrste bøkene mine, alle med fokus på håp og glede til deg eller nokon du er glad i! Ei meiningsfull gåve til deg sjølv, venninner, kollegaar, foreldre, besteforeldre eller born. OBS: Dette er ei ny pakke i 2025, ikkje same som kom i 2024
Kan brukast som adventskalender, der ein trekkjer eit dikt kvar dag. Men òg som oppmuntringskort som ein trekkjer når ein treng det. Om du vil gje den i gåve som adventskalender, kan du til dømes gje den saman med ei pakke te, ei pakke after eight. ein stor melkesjokolade eller ei pakke lovehearts. Dei inneheld 24 eller 25 posar/bitar, og er perfekt til å ta ein om dagen saman med eit kort <3
Korta vert levert i ein liten gråpapirpose som kun er bretta bakover, så det går an å putta oppi nokre twist eller ei anna lita gåve saman med korta, viss du skal gje den til nokon "med noko lite ekstra".
Dikta er i velkjend berrekristin-stil med handskrifta mi og varme ord. Om du trekkjer eit dikt som ikkje passar til deg, kan du jo tenkja om du kjenner nokon det passar til, og gje vidare til dei? Slik er det ord både til glede og til deling, uansett om du kjøper til deg sjølv eller andre!
Mål: 8,5 x 5,5 cm
Papir: 300g Amber Graphic
Del med nokon du er glad i ♡


