1
/
av
7
Berrekristin
SAMLEPAKKE | TIL TRØYST
SAMLEPAKKE | TIL TRØYST
No reviews
Vanleg pris
499,00 kr
Vanleg pris
Salspris
499,00 kr
Inkludert avgifter.
Antal
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjengelegheit
Tre gåver til den som treng lys midt i det mørke. Denne samlepakka frå berrekristin, Kristin Straume, inneheld tre produkt som på kvar sin måte kan vera til hjelp og trøyst:
- Diktboka "Lat meg halda sorga di" - ei sterk, nær og håpefull bok om sorg, kjærleik og å finna styrken til å gå vidare.
- Diktkortpakka "Til trøyst" med ti enkle A6-kort med ulike dikt til trøyst og håp. Små ord til å gje vidare, henga opp eller ta fram når ein treng å pusta litt friare.
- Handlenettet med teksten "Av og til er det beste ein kan gjera for andre å ta vare på seg sjølv", ei stille påminning om kvile og eigenomsorg i kvardagen.
Pakka er god som gåve til nokon som sørgjer, når det er vanskeleg å finna orda sjølv, og ein vil gje noko som varer lenger enn ein blome.
Alle orda er sjølvsagt på nynorsk og handskrivne av berrekristin, i velkjend varm stil. Pakka vert pakka og sendt av Kristin sjølv, frå lageret i huset hennar ved ein vestlandsfjord.
Tips nokon om at du ynskjer deg dette ♡
