Berrekristin
DIKTBOK | LAT MEG HALDA SORGA DI
DIKTBOK | LAT MEG HALDA SORGA DI
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjengelegheit
- Betal trygt med Vipps eller kort
- 14 dagars angrerett -gratis retur
- Sendt med Bring innan 2 vekedagar
Den lilla boka er for deg som sørgjer, anten sorga er fersk eller har vart lenge. For sorga tar jo aldri heilt slutt, men med tida er ho gjerne lettare å bera. Dette er den boka som har vore mest krevjande å jobba med, men ògså den som verkar mest gjevande i ettertid.
Boka er full av små, nære dikt om tap, håp og kjærleik. Ei bok eg eigentleg ikkje håpar nokon treng, men som verkar å vera god for dei som likevel treng ho. Gjennom sju kapittel opplever ein dei ulike fasane av sorga slik den kan vera når ein mistar nokon ein er glad i, frå sjokk til aksept, gjennom bylgjene av sorg og kjærleik.
"Kjøpte boken til meg selv, min mor, og svigermor. Vi synes den er så fin alle sammen. Mye i boken er veldig gjenkjennbart, og tatt på kornet. Det ble også en påminner om hvor langt man har komt i sorgprosessen når man kan lese noe og tenke "akkurat sånn var det. Men ikke nå lenger". Synes det er fint å ha den å bla i når bølgene kommer, den gir et slags samhold selv når man ønsker å være alene. Som om boken sier "du er ikke alene", og holder rom."
- Regine (31)
Ofte får eg melding av menneske som framhevar denne boka som den viktigaste for dei, fordi den har vore med og leia dei gjennom sorga. Det gjev inntrykk å høyra! Mange har nytta boka som ei gåvebok til nokon som har mista, eller i eiga bearbeiding av saknet. Den kan òg auka forståinga for sorg for dei som ynskjer det.
Forfattar: Kristin Straume
Forlaget mitt: berrekristin
År: 2024
ISBN: 978-82-691818-3-8
Tips nokon om at du ynskjer deg dette ♡

Ei bok som talar til hjarta, og til kjenslene. Det er godt å lesa for oss som har opplevd ei stor og vanskeleg sorg! Tusen takk!
Var så fin, ❤️ måtte grina litt også. Så leverte eg den vidare til ei som trong den meir enn eg. 🥰
kjempefin bok i sorgarbeidet mitt
Takk for at du skreiv så fin helsing fremst i boka til Åslaug og Øyvind <3