Berrekristin
PLAKAT A4 | DET KAN FAKTISK
PLAKAT A4 | DET KAN FAKTISK
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjengelegheit
- Betal trygt med Vipps eller kort
- 14 dagars angrerett -gratis retur
- Sendt med Bring innan 2 vekedagar
Ein handskriven og signert plakat i A4-format med teksten: «Det kan faktisk gå bra». Enkle og sanne ord, fulle av håp. Denne plakaten er som eit lite anker for urolege dagar. Nokre ord vi ofte gløymer å seia til oss sjølv – men som vi treng å høyra, for det kan faktisk gå bra!
Heng den der du treng å bli minna på det – på kontoret, på soverommet, i gangen, i terapirommet. Orda gjer seg òg fint som gåve til nokon du vil gi mot og varme til, og passar for folk i alle aldrar. Teksten er skrive med mi handskrift og trykt på tjukt, matt kvalitetspapir i A4-storleik.
Kvar kan plakaten til dømes brukast?
– På soverommet – som ei påminning før natta eller dagen
– På heimekontoret eller verkstaden – der tankane ofte går i loop
– I samtalerom, klasserom, eller venteområde – for å gi håp
– I gangen eller stova – som ein påminnar i kvardagen
– Som gåve – til ein ven som strevar eller håpar
Handskriven signatur av berrekristin, i nummerert opplag (1-300). Det blir ikkje laga fleire av denne plakaten i dette formatet.
Tips nokon om at du ynskjer deg dette ♡
