Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Berrekristin

KURS | BERREVERE MED BERREKRISTIN

KURS | BERREVERE MED BERREKRISTIN

Vanleg pris 299,00 kr
Vanleg pris Salspris 299,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Abonnement
Månadleg betaling

Fornyes automatisk. Hopp over eller avslutt når som helst.

For å legge i handlekurven, gå til produktsiden og velg en kjøpsmulighet
Antal
  • Betal trygt med Vipps eller kort
  • 14 dagars angrerett -gratis retur
  • Sendt med Bring innan 2 vekedagar

Kjenner du deg litt åleine og lost? Saknar du noko, men veit ikkje kva? Har du lyst til å gjera grep eller endringar i livet, men slit med å koma i gong? Eller treng du hjelp til å senka skuldrene og lista, og vera snillare med deg sjølv? Då kan du vera med i gjengen min, no når eg opnar BERREVERE med berrekristin. Eit medlemskap for oss som vil øva på å vera menneske saman.

Det vert nytt fokustema kvar månad. Dette utforskar me saman, med video og lydfilar frå meg, enkle øvingar og refleksjonar undervegs. Eg det blir jamnleg rom for innsjekk, spørsmål og fellesskap for dei som treng det. Me avsluttar månaden saman digitalt, på berrekristinvis tippar eg ;) 

Slik er i alle fall planen akkurat no, men målet er å utvikla det saman med dei som er med, så det vert noko som faktisk er godt å ha med seg i kvardagen! 

Draumen er at dette får halda fram og veksa til eit trygt og inspirerande rom for alle som vil vera med, med nye tema kvar månad, og eit digitalt fellesskap for dei som vil. Eg gler meg til å få min heilt eigen gjeng å berre vera med! Og så er det viktig for meg å presisera at du er med på dette på din måte, gjer dei delane av kurset som du får noko ut av, og hopp over det du ikkje har kapasitet eller lyst til.

Du er med så lenge du vil, og kan avslutta kortid som helst!

Ved påmelding blir du automatisk trukke 299 i månaden, og du kan enkelt melda deg av  inne på kundekontoen din! Er du med frå starten, får du behalda prisen på 299 kr i månaden så lenge abonnementet ditt er aktivt, uavhengig av om eg hevar prisen for nye medlemar.

Når du kan lesa dette, er påmelding open, men lukkar seg snart.

Påmeldinga er berre open ei veke i månaden, den siste veka før ny modul byrjar. Det vil seie frå siste søndag i ein månad, til fyrste søndag i neste månad. Slik kan me begynna på eit nytt tema saman.

Høyrest det freistande ut, men litt vanskeleg å sjå for seg korleis det blir? Ver gjerne med ein månad og sjekk det ut, og meld deg av igjen om du kjenner det ikkje passar for deg <3

Klem frå Kristin!

Sjå alle detaljar