Hopp til produktinformasjon
1 av 7

Berrekristin

KURS | BERREVERE - DEN DU ER | INKLUDERT BOK+SKRIVEBOK

KURS | BERREVERE - DEN DU ER | INKLUDERT BOK+SKRIVEBOK

Vanleg pris 2.199,00 kr
Vanleg pris 2.728,00 kr Salspris 2.199,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal
  • Betal trygt med Vipps eller kort
  • 14 dagars angrerett -gratis retur
  • Sendt med Bring innan 2 vekedagar

Kjære deg som kjenner du har mista litt kontakten med deg sjølv, i forsøket på å vera "alt mogleg" for alle andre. Eller du som kjenner deg sliten og stressa utan at du heilt forstår kvifor. Eller du som berre kjenner at du treng "noko", men ikkje heilt veit kva. Du som har lyst til å bli litt snillare med deg sjølv. 

No har eg laga kurset BERREVERE - DEN DU ER for deg som kjenner det slik! Og når du kjøper det her, får du med på kjøpet den grå boka "I tilfelle du treng det" og ei heilt eigen skrivebok med dikta mine i! Eg har eit avgrensa tal skrivebøker i denne omgong. 

For kva om du ikkje skal streva meir med å få til alt mogleg? Kanskje du berre skal våga å vera litt, slik du er? Lytta meir til di eiga stemme, og mindre til alle andre sine? Kva om roen ventar på deg, rett rundt neste sving?

Du har lov til, og du fortener, å ha det betre enn du har det akkurat no. Noko inne i deg veit akkurat det. Kanskje det er difor du er her. Kanskje det er difor du les dette. I kurset BERREVERE - DEN DU ER får du gjennom seks veker lydfilar, videoar og enkle skriveoppgåver som eg svarar på. Det tar berre ca fem minutt kvar dag.

Ei som prøvde eit vekes testkurs, skreiv dette: «Her er det kurset har gjort for meg personlig, som eg vil du skal ta til deg. Eg har fått større ro. Eg har fått noen nye ord som bor inni meg: trøst, mjuk, øm (…) Det skjedde noe vennlig, varsomt, godt med meg den veka.

Kurset er tilgjengeleg for deg med ein gong du trykkjer kjøp, og du kan ta det i ditt tempo. Du treng ikkje utsetta lenger å få det betre 💛  

Klem frå Kristin

PS: Om du kjøper og gjennomfører kurset, og kjenner at det ikkje gjev deg noko, får du sjølvagt pengane igjen! Les meir om berrevere her.

Sjå alle detaljar