Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Berrekristin

HANDLENETT MED DIKT | DU ER ELSKA

HANDLENETT MED DIKT | DU ER ELSKA

Vanleg pris 199,00 kr
Vanleg pris Salspris 199,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal

Ynskjer du å visa nokon kor elska og viktige dei er? Vil du minna deg sjølv på det ofte? Då kan de bæra rundt på dette bærenettet med gode og meiningsfulle ord. Passar til både born, vaksne og eldre, alle treng å lesa desse orda. Nettet kan henga på knaggen til barnehageborna, med byteklede, eller gjevast i gåve til ein konfirmant, med innhald som også varmar og gleder. Det kan passa på strikkesakene til bestemor eller bøkene til veslebror. Moglegheitene er mange!

Totebag i naturfarge med svart, breid hank, kraftig kvalitetsstoff av bomull. Diktet er trykt på med silketrykk, som er det sterkaste trykket, og er ein versjon av eit dikt frå den andre, svarte boka til berrekristin, Kristin Straume; «Det kan faktisk gå bra": 

 

Du er elska som du er

heile deg frå hår til tær

frå smil til gråt

frå ytst til inst

Verda treng at nett du finst

 

PS: 15% rabatt på alle handlenetta når du kjøper tre eller fleire. Ulike handlenett kan kombinerast!

 

Kundetilbakemelding:

Nettet er fint som gåve til ein du er glad i, eller til deg sjølv for å spre litt kjærleik rundt deg i kvardagen. Fin på butikken, til bibliotekbøkene eller nistepakka<3 

Heidi Revheim (35) 

 

Vis alle detaljar