Hopp til produktinformasjon
1 av 11

Berrekristin

DIKTKORTPAKKE A6 | TIL HÅP

DIKTKORTPAKKE A6 | TIL HÅP

Vanleg pris 199,00 kr
Vanleg pris Salspris 199,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal

Ei samling med 10 ulike diktkort i A6-format – handskrivne, varme og kvardagsnære ord frå berrekristin, sjølvsagt på nynorsk. Kvart kort ber eit lite dikt som kan løfte ein dag, mjuke opp eit blikk, eller setje ord på noko som sit fast inni ein. Nokre dikt trøystar. Nokre takkar. Nokre seier «eg ser deg» på ein stillferdig, men ekte måte. Alle dikta er henta frå den nyaste, gule boka til Kristin.

Perfekt som små kort å gje vidare, henge opp, lime i ein dagbok eller berre hengja over nattbordet som ei stille påminning. Korta kjem utan konvolutt – klare til å brukast som dei er, eller leggast ved ei gåve eller ein blom. 

Orda spenner frå trøyst og sårbar styrke, til sjølvomsorg og takksemd. Dei minner om at du ikkje er åleine, at du er meir enn det du ikkje får til, og at det finst stjerner i mørkret. Korta kan gje rom for samtale, ettertanke eller berre eit lite gjenkjennande nikk.

 

Korleis kan diktkorta brukast?

– Som gåve til ein ven, kollega eller familiemedlem, kan til dømes rammast inn

– Til å leggja ved blomar, gåver, eller pakkar

– Til bruk i terapirom, kvardag og kvile

– Til å henge på veggen, spegelen eller hugsetavla

– Til deg sjølv – når du treng ord som held


PS: 25% rabatt på alle diktkortpakkene når du kjøper fire eller fleire. Ulike diktkortpakker kan kombinerast!

 

Format: A6 (10,5 × 14,8 cm)

Papir: Matt kvalitetspapir

Innhald i pakka: 10 ulike diktkort utan konvolutt

Vis alle detaljar