Berrekristin
DIKTBOK | NÅR ALT RUNDT OSS SYNG
DIKTBOK | NÅR ALT RUNDT OSS SYNG
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjengelegheit
- Betal trygt med Vipps eller kort
- 14 dagars angrerett -gratis retur
- Sendt med Bring innan 2 vekedagar
Den gule boka mi handlar om gleda som spirer - midt i det uferdige og sårbare. Med varme, glimt i auga og djupt alvor, inviterer boka deg til å vera heil, akkurat slik du er.
Eg brukte ei stund på å jobba med å skriva ut gleda, sidan eg oftast har skrive dikt når eg eigentleg ikkje har det så bra. Løysinga var å ta med skriveboka ut, der fekk eg lettare kontakt med det gode. Dikta hentar tema og motiv frå kvardag, natur og relasjonar, med trøyst, humor og gjenkjenning for deg som vil leva nærare livet og vera meir til stades.
"Herlighet som tårene trillar. No har eg lest og lest sidan eg sto opp. Du er berre SÅ flink. Det er heilt perfekt. Det treff meg midt i hjartet!! Kjekt også at der er litt humor."
- Sara (35)
Ei gåve til nokon du bryr deg om, eller som ei stille hand å halda i sjølv. Alle dikta er skrivne for hand av meg, noko som gjer utforminga nær og litt sær, på ein god måte håpar eg.
Forfattar: Kristin Straume
Forlaget mitt: berrekristin
Årstal: 2025
Format: 15*15 cm
ISBN: 978-82-691818-4-5
Tips nokon om at du ynskjer deg dette ♡

Dikt som får deg til å tenke
Fine dikt
(Nesten) uansett hvilken side jeg blar opp på så gir disse ordene gjenkjennelse og tanker om hvordan jeg selv kan løfte selve livEt mitt fra det perspektivet jeg ser akkurat nå💪👍