Berrekristin
DIKTBOK | DET KAN FAKTISK GÅ BRA
DIKTBOK | DET KAN FAKTISK GÅ BRA
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjengelegheit
- Betal trygt med Vipps eller kort
- 14 dagars angrerett -gratis retur
- Sendt med Bring innan 2 vekedagar
Fleire har lese den svarte boka mi når dei har gått gjennom ekstra tøffe periodar, og sagt at boka hjalp dei med å bearbeida og koma seg vidare til betre dagar. Den er òg ei fin gåvebok til dei som har det vanskeleg, når ein ikkje heilt finn orda sjølv.
Denne andre boka mi blei "fødd" i ei ganske krevjande tid, der eg måtte leita ein del etter både håpet og lyset, samstundes som eg prøvde å setja ord på noko av det som var vanskeleg. I etterkant har eg skjøna at det kan kallast både angst, depresjon og livssorg, det eg streva med då. Uansett kva ein kallar det, så er det drit og mørkt, og ofte noko ein treng hjelp til å koma seg gjennom.
Boka måtte bli svart. Men då eg sat og jobba med omslaget, kjende eg at heilsvart vart feil. Så eg fylte både framsida og baksida med stjerner. For lysglimta finst, og i mørkret ser ein dei kanskje ekstra godt, berre ein vågar å sjå opp.
"Den svarte boka fann eg hos min far då me rydda ut av leiligheten hans etter han døydde. Eg har aldri grått så mykje som når eg las den. Den gir meg trøst samtidig som det er vondt å lesa i den, sidan han mest sannsynleg også følte det same då han las den. Den står nå på ei hylle i stua mi."
- Kine (38)
Målet mitt med svarteboka var å dra meg sjølv og andre opp av driten og ut av mørkret før det blei altfor dystert. Eg har det forresten betre no♡
Forfattar: Kristin Straume
Forlaget mitt: berrekristin
Årstal: 2020
ISBN: 978-82-691818-1-4
Tips nokon om at du ynskjer deg dette ♡

Fine ord til ettertanke
Fantastisk ! Som styrkedråper for sjelen .