Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Berrekristin

DIKTBOK | BOKPAKKE

DIKTBOK | BOKPAKKE

Vanleg pris 749,00 kr
Vanleg pris Salspris 749,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal
  • Betal trygt med Vipps eller kort
  • 14 dagars angrerett -gratis retur
  • Sendt med Bring innan 2 vekedagar

Slit du med å velja kva av diktbøkene mine du vil ha? Bokpakka gjev deg dei fire fyrste bøkene samla, til ein betre pris. Saman rommar dei trøyst, motstand, håp og kvile. Bøker du kan lesa sjølv, eller gje i gåve til nokon du er glad i. 

Meir enn ein gong har det skjedd at folk kjøper bøker for andre eller til og med tredje gong, og seier «eg gav vekk den eg eigentleg kjøpte til meg sjølv, fordi det var nokon som trengte den».

Alle bøkene har tekstar skrivne for hand av meg. Mange av dikta er fyrst publiserte på instagram, på kontoen min @berrekristin, og får ekstra meining når dei blir sette saman i ein heilskap slik dei blir i bøkene. 

 

"Takk til deg som skaper så mange fine dikt og sitater som en kan igjen kjenne seg i. Så jeg har kjøpt alle 4 bøkene til meg selv el om det dukker opp noen som skulle trenge den på livets vei❤️"

- Lisbeth (50)

 

Mange har bøkene synleg i heimen sin, og synest dei er vakre å ha i interiøret, eller som coffe table-bøker. Men kanskje fyrst og fremst seier dei at dei er fine å ha lett tilgjengelege når dei treng å setja ord på kjensler eller finna litt håp.

Bøkene er solid og gjennomtenkt utforma, kvadratiske (15*15 cm) med foliert omslag som gjer at utsida kan følast som hud. Dei er gjevne ut mellom 2019 og 2024 på mitt eige forlag; berrekristin.

 

Vis alle detaljar