Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Berrekristin

Forundringsgåve til jul

Forundringsgåve til jul

Vanleg pris 199,00 kr
Vanleg pris 238,00 kr Salspris 199,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal

Har du lyst på ei julegåve frå meg, som samstundes er eit godt kjøp? Eg likar å gje gåver, og pakkar gjerne inn noko frå butikken min og sender til deg eller nokon du er glad i.

Skriv gjerne litt om deg i meldingsfeltet når du bestiller (eller om den som skal ha gåva viss det ikkje er deg). Då plukkar eg ut den gåva eg tenkjer passar best, og sender deg innan onsdag 17.desember, og så kryssar me fingrane for at den er framme til jul (eg trur det skal gå!)!  Husk å skriva kva navn eg skal skriva at gåva er til, og så kan du jo evt. skriva om du/vedkommande har noko frå butikken min allereie :) 

Innhaldet i gåva er verdt 238-289 kroner, og du betalar 199 kroner. Dette tilbodet er berre tilgjengeleg no i helga, og fram til tysdag 16.12. klokka 20. PS: Ingen begrensningar, så det er lov til å kjøpa fleire! 

Vis alle detaljar