Hopp til produktinformasjon
1 av 11

Berrekristin

DIKTBOK | NÅR ALT RUNDT OSS SYNG (E-bok)

DIKTBOK | NÅR ALT RUNDT OSS SYNG (E-bok)

Vanleg pris 149,00 kr
Vanleg pris Salspris 149,00 kr
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
Antal

Når alt rundt oss syng er ei diktbok av berrekristin med dikt på nynorsk. Denne gule diktboka handlar om å veksa vidare etter det som har vore tungt. Om å finne roen midt i alt som skjer, og høyra at verda syng – også når ein sjølv er stille.

Dikta rører ved kvardagen: hage, skog, fjord og sofakrok. Dei handlar om kjærleik og frykt, om kvile og nærleik, om å vere menneske i alt det uperfekte.

Med enkel og varm stemme skriv Kristin Straume  om det vi alle kjenner att – sorga som mjuknar, gleda som kjem tilbake, nåden som finst i kvardagen.

Perfekt for deg som likar dikt om liv og lys, natur og håp, eller som treng ei bok å pusta i.

Format: e-bok (EPUB)

Forfattar: Kristin Straume 

Utgjevar: berrekristin

ISBN: 978-82-691818-5-2

Tilbakemelding frå testlesarar:

Åh, dette trur eg kjem til å bli mi favorittbok! Så mykje lys og håp <3 Føler den gule fargen sprer seg gjennom heile boka! Likar spesielt godt dei diktene som handlar om småting i naturen, så lett å sjå for seg. 

- Kjersti (40)

No har eg sete på terrassen og grine meg gjennom boka di (håper naboen er på jobb). Skulle tru du hadde skrive dikta dine til meg! Både angsten og borna som byrjar å bli større. Eg opplever at du treff heilt med bodskapet ditt om å finne den skjøre gleda og tryggleiken der vegen tilbake i mørket er særs kort, berre ein augneblink!

- Toril (40)

Desse dikta traff meg midt i hjarterota. Dei fekk meg til å reflektera - det å vera tilstades i kvardagen, vera her, no og ikkje minst å vera tilstades i eigen kropp. Eg er sikker på at denne boka kan gjera kvardagen litt lettare, meir givande og leveleg for mange, inklusiv meg❤️ Mange av dikta gjorde noko med meg, rørte noko i meg.

- Gro (54)

Vis alle detaljar