EMALJEKOPP MED DIKT | AV OG TIL ER DET BESTE
EMALJEKOPP MED DIKT | AV OG TIL ER DET BESTE
Elegant og vakker kopp med dikt frå berrekristin, Kristin Straume! Turkopp i emalje, med det treffande diktet «Av og til er det beste ein kan gjera for andre å ta vare på seg sjølv» skrive med Kristin si handskrift. Koppen er fint både fin å eiga sjølv og å gje i gåve til nokon ein er glad i. Den er lett og tar lite plass i sekken eller skapet, og er like fin og oppmuntrande om den står på eit rotete kjøkkenbord med pepsi max i, eller ved eit bål på ein fjelltopp med pulvekaffi i!
PS: Bør vaskast for hand. Emaljekoppar toler generelt ikkje å bli vaska i oppvaskmaskin gjentekne gongar, då det etter kvart kan gjera at emaljen og trykket flassar av.
Spesifikasjonar:
Kapasitet: 350 ml
Høgde: 8 cm
Diameter: 8 cm
Tyngde: 110 gr
Materiale: metall (emaljert stål)