VELKOMEN INNOM

Hei, fine du - så kjekt at du fann vegen hit! Her finn du bøker og gåver frå fjordkanten, med handskrivne ord av @berrekristin, Kristin Straume. Dikt med håp, trøyst og glede, til deg sjølv eller nokon du er glad i. Ta deg ein pustepause her♡

Berrekristin

Så koseleg at du stikk innom! Bak @berrekristin sit berre eg - Kristin - i ei lita vestlandsbygd. Eg skriv enkle dikt om kvardag, kjensler og relasjonar og prøver å minna både deg og meg sjølv på at det blir betre og at me ikkje er åleine. Og at det er viktig å vera snill med seg sjølv, ikkje berre alle andre. For me har lov til å ha det bra. Både du og eg. I alle fall du!

Meir om meg →

Det er bokstaveleg talt berre eg som driv dette her, og har kontor og lager i huset mitt heilt inntil fjellet ved fjorden. Bestillinga di pakkar eg med kjærleik, ofte på kveldstid medan eg drikk te og høyrer på Odd Nordstoga. Så køyrer eg gjennom smale, handhogne tunnellar og leverer pakkene til Marita på Extra Dale. Eg pakkar så kjapt eg klarar, slik at du får varene innan ei vekes tid etter bestilling. Takk for tillit og tålmod!

PS: Gratis frakt når du bestiller for over 700 kroner, og alltid ei bittelita gåve med på kjøpet♡

Dagleg får eg melding av menneske om at orda mine er gode å ha med seg i kvardagen, og gjer at dei kjenner seg mindre åleine. Det betyr mykje, og er drivkrafta til at eg lagar bøker og produkt med kvardagspoesi. Det beste er når eg høyrer at folk som eigentleg ikkje likar dikt, faktisk likar mine dikt!

  • Eg har handla bøkene dine fleire gonger, og eg kjem til å halde fram med det.  Ei bok frå deg er mykje meir personleg å gje bort enn ein blome.  Du skriv klokt og lettfatteleg på same tid. Det aller aller beste er at bøkene er formidla med framifrå nynorsk.

    Eg kan ikkje kome på noko som kan bli betre. Dikta er nydelege, formatet er perfekt, fontane er stilsikre og orda treff langt inn i hjarta.

    - Kari Anne (47)


  • Gjett om eg har kosa meg med å lese gjennom boka di! Du skriv så nydeleg og så treffande, eg har nikka anerkjennande, ledd, grått litt, smilt og eg rett og slett diggar den!!

    - Mari (46)

  • Du skriv så godt, og dikta dine er til god hjelp titt og ofte. Eg har bøkene + nokre innramma ord som heng slik at eg les dei kvar dag. Du er superflink til å formidla, det er så mange av dikta ein kjenner seg så godt igjen i. Har fått nåken aha-opplevelser. Takk for det du deler <3

    - Elin (63)

1 av 3

Har du noko på hjartet?

Har du ei tilbakemelding til meg, eller ynskjer samarbeid av noko slag? I så fall set eg pris på å høyra frå deg!

Ein kvardagspoesi-film av fine Trine svigerinne!