{"product_id":"kurs-berrevere-den-du-er","title":"KURS | BERREVERE - DEN DU ER","description":"\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cb\u003e   Kjære deg med pusten langt oppe i halsen, og skuldrene oppe ved øyrene. \u003c\/b\u003eDu som stiller mykje høgare krav til deg sjølv enn til alle rundt deg. Du som har mista kontakten med di eiga stemme, i forsøket på å dekka andre sine behov. \u003cspan style=\"mso-spacerun: yes;\"\u003e \u003c\/span\u003eDu som ikkje forstår kvifor du er så sliten, du har jo prøvd alt mogleg for å få det betre. Du som har konstant dårleg samvit, fordi du ser alt du ikkje orkar. \u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cstrong\u003eSjå for deg at du vaknar ein morgon, lyttar til noko mjukt, skriv nokre ord i ei skrivebok og kjenner deg klar for å møta dagen.\u003c\/strong\u003e Om menneska rundt deg er i dårleg humør, rommar du det, utan at det øydelegg ditt humør. Du står stødig i andre sine stormar, og når det stormar inni deg, veit du kva som hjelper deg tilbake til ro. Og så gjer du det du treng. Om kvelden kviler du trygt. Du veit du har vore deg sjølv i dag. At denne dagen blei slik den skulle vera, sjølv om den ikkje blei akkurat slik du trudde. Du er heime.\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cstrong\u003eEg veit det er vanskeleg å tru at du kan få det slik, at du har lov til å ha det så bra.\u003c\/strong\u003e Men du fortener å ha det betre enn du har det akkurat no. Noko inne i deg veit akkurat det. Kanskje det er difor du er her. Kanskje det er difor du les dette.\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cstrong\u003eEg var der eg òg. \u003c\/strong\u003eEg pusta så overflatisk og anstrengt at eg måtte til logoped og læra å pusta igjen. Eg grein konstant dei fyrste tre timane hjå psykologen, då han fortalte meg at eg ikkje var lat. Løysinga var ikkje noko ”kvikk fiks”. Fyrst trengte eg tid på å forstå at eg hadde lov til å ha det bra. Så måtte eg finna ut kva eg trengte for å faktisk ha det bra. Og så måtte eg ta dei vala som gjorde at eg fekk det eg trengte. Men det funka!\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cstrong\u003eGjennom øvingar, samtalar, undervisning og erfaring har eg kome langt og lært mykje\u003c\/strong\u003e. Det viktigaste eg har lært har eg lyst å dela med deg. Eg gjer det jo stadig vekk med ord. Men no har eg òg laga dette kurset, for å hjelpa deg meir i praksis. Du får videoar, lydfilar og øvingar gjennom seks veker. Du har skriftleg kontakt med meg undervegs, om du vil. \u003cspan style=\"mso-spacerun: yes;\"\u003e \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cstrong\u003eEg kan ikkje lova at seks veker løyser alt. \u003c\/strong\u003eMen eg har sett og kjend kva som skjer når ein endeleg får øva seg på å lytta til seg sjølve. Kor befriande det er å pusta djupare. Kor godt det kjennest å ta ein rusletur eller ein kvil, med godt samvit.\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cb\u003eEr det skummelt å bruka pengar på noko som berre er for deg, og som du ikkje heilt veit kva er?\u003c\/b\u003e Det forstår eg, du er nok vant til å bruka mest pengar på dei du er glad i. Men du fortener òg å ha det bra! Du kan testa minikurset mitt \u003ca href=\"https:\/\/berrekristin.no\/products\/kurs-berrevere-bittelitt?_pos=1\u0026amp;_psq=kurs\u0026amp;_ss=e\u0026amp;_v=1.0\"\u003eher,\u003c\/a\u003e for å finna ut litt meir kva det går i. PS: Gjennomfører du kurset, og kjenner at det ikkje har gjeve deg noko av verdi, får du pengane tilbake. Eg ynskjer at du skal kjenna deg trygg når du seier ja. \u003cspan style=\"mso-spacerun: yes;\"\u003e \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cb\u003eEr du redd for at du ikkje klarar å koma gjennom dette, fordi du har byrja på andre ting før, som du har hoppa av?\u003c\/b\u003e\u003cspan style=\"mso-spacerun: yes;\"\u003e  \u003c\/span\u003eEg heiar heile vegen, og lagar alt så enkelt og gjennomførbart som mogleg. Berre fem minutt dagleg er nok! Øvingane er så konkrete og nyttige at du kan ta dei med deg vidare, og bruka dei når det trengs. Og du har \"evig\" tilgong til kurset. Altså kan du ta det i ditt tempo, eller når du er klar, om ikkje du rekk alt på seks veker.\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cb\u003eFryktar du at det funkar, men så glir du tilbake i gamle vanar og tankebanar når du er ferdig med dei seks vekene?\u003c\/b\u003e Eg har planar om minst eit seks vekers oppfylgingskurs, og eit vidare løp du kan abonnera på, med nytt tema og nye øvingar kvar månad. \u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cb\u003e\u003cspan style=\"font-family: 'Segoe UI Symbol',sans-serif; mso-bidi-font-family: 'Segoe UI Symbol';\"\u003eDei som prøvde testkurset, skreiv blant anna dette:\u003c\/span\u003e\u003c\/b\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cem\u003e\u003cspan style=\"font-family: 'Segoe UI Symbol',sans-serif; mso-bidi-font-family: 'Segoe UI Symbol';\"\u003e«Nå er jo uka med Berrevere ferdig og du har gjort ei veldig vanskelig uke litt lettere. (…) Jeg bare syns at stemmen din er trygg og jeg er mye utrygg.»\u003c\/span\u003e\u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cem\u003e\u003cspan style=\"font-family: 'Segoe UI Symbol',sans-serif; mso-bidi-font-family: 'Segoe UI Symbol';\"\u003e«Her er det kurset har gjort for meg personlig, som eg vil du skal ta til deg. Eg har fått større ro. Eg har fått noen nye ord som bor inni meg: trøst, mjuk, øm. Det føles hakket vennligere her inne. (…) Det skjedde noe vennlig, varsomt, godt med meg den veka.» \u003c\/span\u003e\u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cem\u003e\u003cspan style=\"font-family: 'Segoe UI Symbol',sans-serif; mso-bidi-font-family: 'Segoe UI Symbol';\"\u003e«Eg likar kor ekte og heil ved du er i videoen. Det skapar ein tryggleik i kurset og sjå deg og kor avslappa du virker for oss som ser og høyrer på. Ved å vere «berre deg», kjenner eg på at det gjer godt å gi slepp og «berre vere meg», iallfall øve på det!»\u003c\/span\u003e\u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cb\u003eDess meir eg jobbar med berrevere, kjenner eg det er meir enn eit kurs. Det er eit øvingsrom for å koma heim att til den du er\u003c\/b\u003e.  \u003cspan style=\"font-size: 0.875rem;\"\u003e\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003eKlem frå Kristin \u003cspan\u003e♡\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Berrekristin","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":43998553210945,"sku":null,"price":2499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0604\/8992\/4673\/files\/15_kvadratisk5.png?v=1779214277","url":"https:\/\/berrekristin.no\/products\/kurs-berrevere-den-du-er","provider":"Berrekristin","version":"1.0","type":"link"}