{"product_id":"kurs-berrevere-den-du-er-inkludert-bok-skrivebok","title":"KURS | BERREVERE - DEN DU ER | INKLUDERT BOK+SKRIVEBOK","description":"\u003cp dir=\"auto\"\u003e\u003cstrong\u003eKjære deg med høge skuldre og d\u003c\/strong\u003e\u003cstrong\u003eårleg samvit for alt du ikkje orkar, alle du ikkje klarar å hjelpa, alt du ikkje klarar å vera.\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003e\u003c\/strong\u003eFor at du ligg på sofaen og trykkjer på mobilen i staden for å gjera det du veit du burde. Nei, du er ikkje lat. Du er ikkje eit dårleg menneske. Du har berre mista kontakten med di eiga stemme, i forsøket på å dekka andre sine behov.  Det er ikkje rart du er så sliten, du har jo prøvd mykje for å få det betre. \u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003eNo har eg laga kurset BERREVERE - DEN DU ER for deg som kjenner det slik! Og når du kjøper det her, får du med på kjøpet den grå boka \"I tilfelle du treng det\" og ei heilt eigen skrivebok med dikta mine i! Eg har eit avgrensa tal skrivebøker i denne omgong. \u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003eFor kva om du ikkje skal streva meir med å få til alt mogleg? Kanskje du berre skal våga å vera litt, slik du er? Lytta meir til di eiga stemme, og mindre til alle andre sine? Kva om roen ventar på deg, rett rundt neste sving?\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003eSjå for deg at du vaknar ein morgon, lyttar til noko mjukt, skriv nokre ord i ei skrivebok og kjenner deg klar for å møta dagen. Om menneska rundt deg er i dårleg humør, rommar du det, utan at det øydelegg ditt humør. Når det er kveld, kviler du trygt, for du veit at dagen blei slik den skulle vera. Du veit du gjorde det du skulle gjera.\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003eEg veit det er vanskeleg å tru at du kan få det slik, at du har lov til å ha det så bra. Men du fortener å ha det betre enn du har det akkurat no. Noko inne i deg veit akkurat det. Kanskje det er difor du er her. Kanskje det er difor du les dette. I kurset BERREVERE - DEN DU ER får du gjennom seks veker lydfilar, videoar og enkle skriveoppgåver som eg svarar på. Det tar berre ca fem minutt kvar dag.\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003eEi som prøvde eit vekes testkurs, skreiv dette: «\u003cem\u003eHer er det kurset har gjort for meg personlig, som eg vil du skal ta til deg. Eg har fått større ro. Eg har fått noen nye ord som bor inni meg: trøst, mjuk, øm (…) Det skjedde noe vennlig, varsomt, godt med meg den veka.\u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003eKjende du at dette freista? Kurset er tilgjengeleg for deg med ein gong du trykkjer kjøp, og du kan ta det i ditt tempo. Du treng ikkje utsetta lenger å få det betre 💛  \u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003eKlem frå Kristin\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"auto\"\u003e\u003cstrong\u003ePS: Om du kjøper og gjennomfører kurset, og kjenner at det ikkje gjev deg noko av verdi, får du sjølvagt pengane igjen!\u003ca href=\"https:\/\/berrekristin.no\/pages\/berrevere\" title=\"Om berrevere\"\u003e Les meir om berrevere her.\u003c\/a\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Berrekristin","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":44125818191937,"sku":null,"price":1999.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0604\/8992\/4673\/files\/skrivebok_gra_bok_berrekristin.png?v=1783266556","url":"https:\/\/berrekristin.no\/products\/kurs-berrevere-den-du-er-inkludert-bok-skrivebok","provider":"Berrekristin","version":"1.0","type":"link"}